Til toppen av siden

Rettleiar om opprydjing i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid

11.11.09 SFT har utarbeidd kommentarar og nye rettleiarar til forureiningsforskrifta kapittel 2 om opprydjing i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid. Materialet skal gjere det enklare å bruke regelverket, som tredde i kraft 1. juli 2009.

I fyrste rekkje er dei nye rettleiarane frå SFT retta mot kommunane. Men også tiltakshavarar, konsulentar, advokatar, grunneigarar og andre berørde partar finn nyttig informasjon.

  • Kommentarar til forureiningsforskrifta kapittel 2 (TA-2547/2009) klarlegg juridiske problemstillingar som kan oppstå med bakgrunn i kvar enkelt paragraf.
  • Rettleiar til forureiningsforskrifta kapittel 2 (TA-2548/2009) informerer om praktiseringa av utvalde paragrafar.
  • Rolla til kommunane (TA-2549/2009), Tiltakshavers ansvar (TA-2561/2009) og Alunskifer (TA-2560/2009) behandlar ulike problemstillingar.

Kommunane er forureiningsmyndigheit

Kommunane er forureiningsmyndigheit for regelverket om opprydjing i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid. Dei koordinerer arbeidet med behandlinga etter plan- og bygningslova og godkjenner tiltaksplanane.

Tiltakshavar sitt ansvar

Tiltakshavar er ansvarleg for å undersøkje om grunnen er forureina, utarbeide tiltaksplan og utføre opprydjingsarbeidet dersom det er påkravd.

Alunskifer er forureina grunn

Som følgje av endringane i regelverket om opprydjing i forureina grunn ved byggje- og gravearbeid, er alunskifer no forureina grunn dersom det blir grave opp som del av eit byggjeprosjekt. Det gir nokre nye utfordringar som vi omtaler i eit eige informasjonsark.

Spørsmål kan rettast til SFT:

  • senioringeniør Hans Jørund Hansen, seksjon for avfallsbehandling og grunnforureining
    telefon: 22 57 35 68 e-post: hans-jorund.hansen@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden