Til toppen av siden

Økosystemtenester i norske havområder

15.04.10 På oppdrag frå Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har Sweco Noreg laga ein rapport som kan brukast i det vidare arbeidet med miljøverdivurderingar knytt til den økonomiske tydinga av havet sine økosystemtenester, samt kostnadene knytte til tap av biologisk mangfald og reduksjon av kvaliteten til økosystem.

Økosystemtenester

  • Noreg rår over store kyst- og havområde.
  • Vi har tradisjonelt lagt stor vekt på forvaltninga av naturressursar, og spesielt dei økonomisk viktige ressursane som fisk og petroleum.
  • Det finst mange andre sider ved havet som har tyding for velferda og verdiskapinga vår – vi kallar det havet sine økosystemtenester.

I rapporten har det blitt lagt vekt på å skildre metodar som kan brukast i det vidare arbeidet med miljøverdivurderingar. Det har ikkje vore eit mål å gi eit svar på kva den totale verdien av dei ulike økosystemtenestene er.

Dokumenterer samfunnsøkonomisk verdi

Dokumentasjon av den samfunnsøkonomiske verdien av å oppretthalde økosystemtenestene vil vere nyttige i avvegingar mot andre økonomiske brukarinteresser.

Slik dokumentasjon kan brukast både for å illustrere samfunnsøkonomisk tap ved skadar på økosystemfunksjonar og for å illustrere storleiken av dei grunnleggjande økosystemtenestene som ligg til grunn for dagens bruk av ressursar.

Spørsmål kan rettast til:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden