Til toppen av siden

Barnehagane i Bergen får reinare jord

27.08.10 Bergen er ein av dei 15 største kommunane i landet som ryddar opp i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Undersøkingar ved dei 260 private og kommunale barnehagane i byen viser at det må ryddast opp ved 170 av dei. Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) støttar kommunen med nye 3,1 millionar kroner.

Uteleik i barnehage i Bergen. Foto: Bergen kommune
Ryddar opp i forureina jord: Det vert no rydda opp i 170 barnehagar i Bergen. Foto: Bergen kommune.

Ryddar opp i 170 barnehagar i Bergen

  • Det må setjast inn tiltak ved til saman 170 barnehagar og fire leikeplassar i Bergen.
  • Forureina jord må skiftast ut ved 94 barnehagar og to leikeplassar.
  • 119 barnehagar og tre leikeplassar må skifte ut CCA-impregnert tremateriale rundt sandkassar eller sandbasseng. Her skal trevirket erstattast med andre materiale som ikkje inneheld krom og arsen.

– Dei ti største byane og fem store industrikommunar er omfatta av miljøvernmyndigheita sin handlingsplan for opprydding i forureina jord i barnehagar og på leikeplassar. Her kartlegg ein både forureining i jorda og om det er brukt CCA-impregnert trevirke rundt sandbasseng og sandkassar, seier avdelingsdirektør Marit Kjeldby i Klima- og forureiningsdirektoratet.

Klif støttar kommunen med pengar

– Vi støttar oppryddinga i forureina jord ved barnehagar og leikeplassar i Bergen og dei andre kommunane med 30 prosent av kostnadene. I fjor fekk Bergen 2,5 millionar kroner; no får dei nye 3,1 millionar kroner for å gi barna tryggare omgivnader, seier Marit Kjeldby.

Oppryddinga i barnehagane og ved leikeplassane skal vere gjennomført i løpet av hausten.

Spørsmål kan rettast til:

  • seksjonssjef Pål Spillum, seksjon for avfallsbehandling og grunnforureining
    telefon: 22 57 35 20, e-post: pal.spillum@klif.no 
  • rådgivar Kine Martinsen, seksjon for avfallsbehandling og grunnforureining
    telefon: 22 57 36 91, e-post: kine.martinsen@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden