
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Miljøstatus i Norge
Relaterte tema:
Kontrollerer returmetallbransjen
30.08.10 Verksemder som handterer returmetall, må passe på at dei ikkje forureinar miljøet. Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Fylkesmannen kontrollerer i haust mange slike verksemder.

Returmetall: Metallskrap kan innehalde stoff som er uønskte i miljøet. Det er viktig at verksemder som driv i returmetallbransjen, er kjende med regelverket, slik at dei mellom anna sorterer ut bilbatteri, hydraulikkolje og motorolje. Foto: Fylkesmannen i Østfold
Farleg avfall
- Inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter spreier seg og hopar seg opp i naturen. Spreiinga kan til dømes skje gjennom forureina sigevatn.
- Forureiningslova § 7 seier at det ikkje er tillate å forureine med mindre ein har særskilt løyve.
- Handtering og deklarering av farleg avfall er regulert i avfallsforskrifta kapittel 11 om farleg avfall.
– Vi kontrollerer at verksemdene som handterer returmetall, driv i samsvar med lover og forskrifter. Det er viktig at dei ikkje skadar miljøet, seier avdelingsdirektør Ingunn Midttun Godal i Klima- og forureiningsdirektoratet.
Dersom forureiningsmyndigheitene oppdagar avvik frå regelverket, krev vi at verksemdene rettar opp forholdet innan ein gitt tidsfrist. Alvorlege brot medfører politimelding.
Farleg avfall blant metallskrapet
– Delar av metallskrapet kan vere farleg avfall. Det skal oppbevarast slik at det ikkje kan skade menneske og miljøet. Farleg avfall skal innan ein viss frist leverast til ein godkjend innsamlar eller mottakar, seier Ingunn Midttun Godal.
Dersom verksemdene får farleg avfall frå kundane sine, må dei ha løyve til det frå Fylkesmannen.
Spørsmål kan rettast til:
- Klif: aksjonsleiar Tone Line Fossnes, seksjon for kjemikalie- og produktkontroll
telefon: 22 57 36 93, e-post: toneline.fossnes@klif.no - Klif: seksjonssjef Bjørn Bjørnstad, seksjon for industri- og offshorekontroll
telefon: 22 57 36 64, e-post: bjorn.bjornstad@klif.no - Fylkesmannen:
| Fylke | Namn | E-post | Telefon |
| Østfold | Bjørn Gudevold | Bjorn-ketil.gudevold@fmos.no | 69 24 71 11 |
| Hedmark | Steinar Østlie | Steinar.ostlie@fmhe.no | 62 55 11 77 |
| Oppland | Knut Roland | kro@fmop.no | 61 26 60 59 |
| Oslo og Akershus | Elin Ilebekk | Elin.ilebekk@fmoa.no | 22 00 36 70 |
| Vestfold | Berit Løkken | blo@fmve.no | 33 37 11 95 |
| Telemark | Guri Ravn | gra@fmte.no | 35 58 61 71 |
| Aust-Agder | Ildikó Nordensvan | ino@fmaa.no | 37 01 75 48 |
| Vest-Agder | Thore Egeland | teg@fmva.no | 38 17 66 75 |
| Hordaland | Hallvard Hageberg | hallvard.hageberg@fmho.no | 55 57 22 23 |
| Rogaland | Kirsten Allred | kirsten.allred@fmro.no | 51 56 89 33 |
| Sogn og Fjordane | Grete Haugan | grete.haugan@fmsf.no | 57 65 51 57 |
| Møre og Romsdal | Reidun Sofie Schei | reidun.sofie.schei@fmmr.no | 71 25 85 11 |
| Sør-Trøndelag | Gunhild Flaamo | gfl@fmst.no | 73 19 92 01 |
| Nord-Trøndelag | Monica Ness | mne@fmnt.no | 74 16 80 64 |
| Nordland | Sten D Bruaas | sbr@fmno.no | 75 53 15 53 |
| Troms | Stig Sandring | sts@fmtr.no | 77 64 22 11 |
| Finnmark | Stig Moen Magnus Jakola-Fjeld |
stig.moen@fmfi.no mfj@fmfi.no |
78 95 03 57 78 95 03 55 |
Tema
