Til toppen av siden

1,5 millionar i bot for kvikksølvutslepp

20.12.10 Eras Metal AS i Høyanger har vedteke bota frå politiet på 1,5 millionar kronar for ulovleg utslepp av kvikksølv og flussyre. Klif melde verksemda for dette utsleppet i 2009.

Eras Metal AS i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane har tillatelse til å produsere råstoff til sinkindustrien fra rødstøv fra sekundær stålindustri. Kart. Klif.
Får bot: Eras Metal AS i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane har løyve til å produsere råstoff til sinkindustrien frå raudstøv frå sekundær stålindustri. Kart: Klif.

Under ein inspeksjon av Eras Metal AS i februar 2009 avdekte Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif, den gongen SFT) ulovleg høge utslepp av kvikksølv. Klif meinte utsleppa var grove brot på utsleppsløyvet.

Eras Metal måtte stanse dei ulovlege utsleppa umiddelbart inntil dei fekk installert eit reinseanlegg. Klif melde verksemda til politiet.

Har vedteke bota

Saka har vore etterforska av Høyanger lensmannskontor. Statsadvokaten har ilagt Eras Metal 1,5 millionar kronar i bot for utsleppet. Verksemda, som er eit heileigd dotterselskap av ScanArc ASA, har vedteke bota.

I tillegg er tidlegare dagleg leiar og tidlegare styreleiar i Eras Metal tiltalt for alvorlege brot på forureiningslova. Denne saka skal opp for Fjordane tingrett.

Klif er tilfreds med at meldingane våre blir følgde opp med straffereaksjonar av politiet. Dette hjelper til å førebyggje miljøkriminalitet.

Spørsmål kan rettast til Klif:

  • seksjonssjef Harald Sørby, seksjon for mineralsk og petrokjemisk industri
    telefon: 22 57 34 74, e-post: harald.sorby@klif.no
  • avdelingsdirektør Signe Nåmdal, avdeling for klima og industri
    telefon: 22 57 35 36, e-post: signe.namdal@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden