Til toppen av siden

Har rydda opp for to millionar kroner på Askøy

16.02.10 Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har fått gjennomført opprydding i grunnen på den mest forureina delen av den tidlegare fabrikkeigedomen til malingsprodusenten Monopol-Hempel på Askøy. Forureininga var så alvorleg at det hasta med å få rydda opp.

Før opprydningen:
Før oppryddingen på Hempel A/S

Undervegs i opprydningsarbeidet:
Under vei i oppryddingene på Hempel A/S

Etter opprydningen:
Etter oppryddingene på Hempel A/S

Arbeidet med å rydde opp i grunnen på den mest forureina delen av den tidlegare fabrikkeigedomen til malingsprodusenten Monopol-Hempel på Askøy i Hordaland har omfatta fjerning av forureina masse frå tidlegare tønnelager og tømming av sandfang/kummar med påvist forureina masse. Foto: Klima- og forureiningsdirektoratet.

Ryddar opp i grunnen på Askøy

  • Både tingretten og lagmannsretten har gitt miljøvernstyresmaktene rett i at Hempel AS kan haldast ansvarleg for å gjennomføre miljøtekniske undersøkingar på dei to eigedomane i Florvågen og Bakarvågen i Askøy.
  • For sjølve oppryddinga har miljøvernstyresmaktene ikkje peika på nokon ansvarleg enno.
  • Forureininga  på deler av den eiegedomen kor fabrikken til Monopol Hempel-Florvågen låg har vore så alvorleg at det har hasta med å få rydda opp.
  • Klima- og forureinsningsdirektoratet har derfor fått fjerna dei akutte forureiningsproblema. Vi vil deretter vurdere å kreve kostnadene tilbake frå dei ansvarlige for forureininga.

– Vi måtte rydde opp for å hindre at forureininga kunne føre til helsefare for folk som oppheld seg på eigedomen, seier Ellen Hambro, direktør for Klima- og forureningsdirektoratet (Klif, tidlegare SFT).

Ho presiserer at direktoratet kjem til å vurdere å få utlegga tilbakebetalt frå dei ansvarlege for forureininga.

Ventar på høgsterett

Både tingretten og lagmannsretten er einige med miljøstyresmaktene i at Hempel A/S er ansvarleg for å føreta miljøtekniske undersøkingar på dei to eigedomane kor Monopol-Hempel hadde fabrikk og avfallsdeponi. Saka er anka vidare til høgsterett og blir handsama der frå 17.-18. februar.

Rettssaken omhandlar kun kven som kan påleggjast å undersøke dei forureina eigedomane. Det gjenstår å ta stillig til kven som skal betale for sjølve oppryddinga.

Store mengder PCB

Eigedomen blei i stor grad rensa heilt ned til fjellet og det blei fjerna så mykje som 2280 tonn forureina masse med stort innhald av PCB og bly. Av dette blei 121 tonn masse vurdert som farleg avfall på grunn av særdeles høgt innhald av PCB.

Den forureininga som låg over grensa for kva som er akseptabelt på eigedomen, er no fjerna. Det er fylt tilbake reine steinmassar.
Den akutte forureiningssituasjon er avverga, men det gjenstår enno mykje opprydningsarbeid på andre delar av tomta til den tidlegare malingsprodusenten.

Spørsmål kan rettast til:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden