Til toppen av siden

Betre vasskvalitet frå Skagerrakkysten til Fedje

01.07.10 Kvaliteten på kystvatnet er i betring dei fleste stader frå Skagerrakkysten til Fedje. Det viser nye målingar frå miljøovervakinga av norskekysten.

Kystovervakingsprogrammet overvaker vasskvaliteten og biologiske samfunn i vassmassane og på botnen i ytre kystområde. Resultata frå 2009 viser god vasskvalitet på Skagerrakkysten og på Vestlandet.

Mindre næringssalt frå sør

Program for kystovervaking

  • Har sidan 1990 overvakt miljøkvaliteten i kystområda frå svenskegrensa til Hordaland.
  • På oppdrag frå Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) blir undersøkingane utførte av Norsk institutt for vassforsking (NIVA) i samarbeid med Havforskingsinstituttet (HI).

Det er slik at mykje næringssalt i vatnet kan føre til kraftige algeoppblomstringar, men det var mindre næringssalt langs kysten i fjor.

Næringssalta i Skagerrak blir ofte transporterte med havstraumar frå Tyskebukta (havbukta mellom Danmark, Tyskland og Nederland) sør i Nordsjøen. Innslaget av vatn frå Tyskebukta var mindre enn vanleg i 2009.

Dette er ei av årsakene til at innhaldet av næringssaltet nitrat var lågt på denne kyststrekninga i fjor.

Nye artar

Varmare klima har dei seinare åra ført til at nye varmekjære planktonartar opptrer også i norske farvatn. Det blei registrert fleire varmekjære artar av både plante- og dyreplankton i 2009.

Den introduserte arten amerikansk lobemanet blei første gongen observert i norsk kystvatn i 2006. I fjor blei store konsentrasjonar observerte i kystvatnet i perioden juli–oktober. Denne typen manet har hatt stor innverknad på dyreplankton og fiskelarvar i andre havområde, men det er usikkert kva slags effekt han vil ha på økosystema langs kysten av Skagerrak.

God tilstand på havbotnen

Kystovervakingsprogrammet undersøkjer samfunn av plantar og dyr på havbotnen. Det blir gjort både på område med hard- og blautbotn. På grunnlag av undersøkingane blir det biologiske mangfaldet berekna.

På område med blautbotn var tilstanden god i 2009. På dei djupe områda i Skagerrak (ytre Oslofjord og Sørlandet) har det vore ei jamn forbetring i det biologiske mangfaldet sidan 1990, mens områda elles ikkje viser nokon eintydige trendar.

Det biologiske mangfaldet på hardbotn i ytre Oslofjord aukar stadig, mens det dei to siste åra har vore ganske lågt på Sørlandet. I 2009 var biomangfaldet på Sørlandet det lågaste som er registrert i overvakingsprogrammet nokon gong.

Tilstanden for tare har vore dårlegare dei siste to åra (2008–2009), etter ein relativt god periode i tidsrommet 2004–2006.

Spørsmål kan rettast til:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden