
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Fotokonkurranse om vatn
15.06.10 Nettstaden Vann-Nett er på jakt etter bileta dine og inviterer til fotokonkurranse om vatn.
Send inn bilete av vatn med ulike tema der vatn inngår, for eksempel: vatn og menneske, korleis vi bruker vatn, forureining, fysiske inngrep, klima og naturkrefter.
Vatnet der du er eller har vore
Vann-Nett
- Gir oversikt over korleis det står til med vassmiljøet i vassførekomsten din (elv, innsjø, kystvatn eller grunnvatn).
- Eit samarbeid mellom Direktoratet for naturforvaltning, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Klima- og forureiningsdirektoratet.
Vann-Nett vil gjerne ha bilete av vatnet der du er eller har vore! Alle er avhengig av vatn: naturen, byr og tettstader, straumprodusentane, industrien, landbruket, fiskeri, transport, ulike friluftsaktivitetar og så vidare.
Du kan delta ved å laste opp bildeta dine på http://vann-nett.nve.no/statistikk eller gå til www.vannportalen.no og klikk deg vidare inn til konkurransen.
Premier:
- 1. premie: 5000 kroner
- Fem utvalde bilete vil få 500 kroner kvar
Siste frist for innsending 25. september 2010
Offentleggjering av vinnarar på www.vannportalen.no 15.oktober 2010.
Tema
