Til toppen av siden

Dom mot tidlegare Vest Tank-leiarar og tilsett

26.03.10 Nordhordland tingrett har dømt daverande styreleiar og dagleg leiar i Vest Tank AS til fengselsstraffer.

– Det er viktig for oss som forureiningsstyresmakt og for miljøet at alvorlege brot på forureiningslova blir møtte med strafferettslege reaksjonar, seier Ellen Hambro, direktør for Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).

Melde Vest Tank

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif, den gongen SFT) melde Vest Tank for tre forhold:
  • Akutt forureining som følgje av eksplosjonen på tankanlegget 24. mai 2007.
  • Mottak av avsvovlingsavfall frå skipet "Probo Emu" utan nødvendig løyve.
  • Behandling av sitt eige avsvovlingsavfall utan nødvendig løyve.

Eksplosjonen medførte at organiske svovelforbindingar blei spreidt over eit stort område, noko som gav sterke luktproblem og følgjande helseplager for lokalsamfunnet.

Tilfreds med dom i saka

– Det er alvorleg miljøkriminalitet som er utførd ved Vest Tank. Vi er tilfreds med at meldinga vår har resultert i fellande dom og fengselsstraffer. I tillegg er vi opptekne av den allmennpreventive verknaden. Det er viktig at det vert gjeve eit signal til samfunnet om at miljøkriminalitet kan føre til strengje straffer, seier Ellen Hambro.

Spørsmål kan rettast til Klif:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden