
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Høge kvikksølvnivå i djupvassfisk
04.11.10 Kvikksølvnivå fem gonger høgare enn EUs grenseverdi for sjømat er målte i brosme frå Sørfjorden i Hardanger. Klif følgjer opp funna.

Sørfjorden: På oppdrag frå Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) viser kartlegginga frå Norsk institutt for vassforsking (NIVA), lokale myndigheiter og industrien i Odda at det er høge nivå av kvikksølv i djupvassfisk i Sørfjorden i Hordaland. Her frå Tyssedal. Foto: Anders Ruus, NIVA
Historia til Sørfjorden
- Forureiningshistorie tilbake til det tjuande hundreåret då tungindustrien blei anlagd i Odda-området og Sørfjorden blei ein av dei mest forureina marine resipientane i verda.
- 1985: Høgaste målte industriutslepp: 1 tonn kvikksølv, 1835 tonn sink, 773 tonn bly og nesten 24 tonn kadmium blei sleppt ut i fjorden.
- 1986: Ei rekkje store miljøtiltak blir gjennomførte. Jarositt-utsleppet frå sinkverket blir ført til fjellhallar, og utsleppet blir redusert med meir enn 90 prosent.
- 2010: Utslepp frå industrien redusert til 2 kilo kvikksølv, 6,6 tonn sink, 747 kilo bly og 37 kilo kadmium.
- Funna er så pass markante at vi følgjer opp med fleire undersøkingar. Mellom anna vil vi vurdere ei større kartlegging av djupvassfisk i djupe norske terskelfjordar for å sjå om dei er eit lager for miljøgifter, eller om dette er eit spesifikt problem knytt til Sørfjorden, seier seksjonssjef Siri Sorteberg i Klif.
Fleire typar forureining
Forureiningssituasjonen i Sørfjorden er blitt overvakt sidan slutten av 1970-åra. Det har vore store forbetringar opp gjennom åra, men fjorden er framleis belasta med fleire typar forureining:
- Torsk er moderat forureina av kvikksølv, PCB og DDT.
- Brosme har høge konsentrasjonar av klororganiske sambindingar og kvikksølv.
- Blåskjel er moderat forureina av kvikksølv og opp til markert forureina av bly og kadmium. For blåskjel viser dessutan verdiane ved enkelte stasjonar svært sterk forureining av DDT.
Høge verdiar
I 2009 blei det teke prøvar av djupvassfisk. Resultata viser høgare verdiar for kvikksølv enn det som er blitt målt dei siste åra:
- Den øvre grensa for kor mykje kvikksølv det kan vere i fiskekjøt som skal omsetjast i EU, ligg på 0,5 milligram per kilo fisk, mens gjennomsnittskonsentrasjonen i filet av brosme frå den ytre delen av fjorden no er heile 2,53 milligram per kilo.
- Konsentrasjonane er signifikant høgare i den ytre delen av fjorden enn i den indre.
Kosthaldsråd
Overvakinga bekreftar tidlegare funn og behovet for kosthaldsråd i Sørfjorden. No er kosthaldsråda frå Mattilsynet utvida til å gjelde indre delar av Hardangerfjorden etter høge kvikksølvmålingar i brosme også der. Mattilsynet utformar rådet i desse dagar.
Ein har ikkje målt konsentrasjonane i djupvassfisk i 2010 gjennom statleg program for overvaking av miljøtilstanden i Sørfjorden, men det vil bli gjort nye undersøkingar i 2011.
Forureina sjøbotn
Overvaker miljøtilstanden i Sørfjorden
- Klif finansierer saman med industrien i Odda og Tyssedal overvaking av miljøgifter i fjorden.
- Det første statlege overvakingsprogrammet blei sett i gang for 31 år sidan. Miljøovervakinga i dag er ei vidareføring av dette programmet.
- Målet er å fastslå forureiningssituasjonen i dag og vurdere han opp mot tiltaka som er gjorde.
- Overvakinga skal fange opp eventuelle irregulære tilførslar og behov for nye tiltak.
- Dette er fagleg underlag for Mattilsynet, som treng miljøgiftdata for å vurdere/revurdere kosthaldsråd.
Utslepp frå industri i over 100 år har ført til høge konsentrasjonar av miljøgifter på sjøbotnen, inkludert kvikksølv. Det er ikkje dokumentert at kvikksølv i djupvassfisk har samanheng med forureina sjøbotn, men det er ein hypotese som bør undersøkjast nærmare.
– Organismar som lever i nær tilknyting til sjøbotnen, kan ta opp miljøgiftene og føre dei vidare i næringskjeda. Sjølv om utsleppa til fjorden er blitt sterkt reduserte i seinare tid, kjem det til å ta ei god stund før sjøbotnen blir rein att, dersom det ikkje blir sett i verk fysiske tiltak, seier Siri Sorteberg i Klif.
Fylkesvise tiltaksplanar
Moglege tiltak for å oppnå ein reinare sjøbotn blir følgde opp gjennom fylkesvise tiltaksplanar. Det er ein føresetnad at landbaserte kjelder er kartlagde og reduserte før det blir sett inn tiltak på sjøbotnen.
Det er blitt spekulert på om det kan vere utsleppskjelder frå industrien i Odda som ikkje er blitt godt nok kartlagde, spesielt frå sinkverket Boliden på Eitrheimsneset.
Boliden har sjølv teke initiativ til å få undersøkt kjeldene som blei trekte fram i ei tidlegare sedimentundersøking i Sørfjorden. Utslepp frå ei avskjerande grøft og tap av sinkkonsentrat i samband med lossing blir no kontrollerte.
Konklusjonane i den nye rapporten om Sørfjorden
- Dei gjennomsnittlege metallverdiane i overflatevatnet svarer til ”god miljøtilstand” i heile fjorden, bortsett frå for sink, der verdiane svarer til ”moderat til dårleg miljøtilstand”. Verdiane er ganske like som i 2008, trass i relativt store utsleppsreduksjonar for enkelte komponentar.
- Ved mellomliggjande vassdjup og i djupvatnet var det periodevis langt høgare nivå av metall enn det var i overflatevatnet.
- Blåskjel i fjorden er lite forureina av kopar og sink, mens verdiane varierer frå lite til moderat for kvikksølv, og lite til markert for bly og kadmium. Nivåa viser ingen påfallande endringar samanlikna med dei siste åra.
- Blåskjela er minimalt forureina av PCB og PAH, mens det på enkelte stasjonar blei målt opp til svært sterk forureining av DDT.
- Torsk i Sørfjorden er moderat forureina av kvikksølv, PCB og DDT.
- Innhaldet av kvikksølv i djupvassfisk er høgt, og lever av brosme viste moderate til høge konsentrasjonar av klororganiske sambindingar.
- Lenger ute i Hardangerfjorden, ved Strandbarm, blei det funne vanlege, låge konsentrasjonar av klororganiske sambindingar i torsk.
Spørsmål kan rettast til:
- Klif: seksjonssjef Siri Sorteberg, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 36 17, e-post: siri.sorteberg@klif.no - Klif: avdelingsingeniør Henrik Gade, seksjon for kjemisk og metallurgisk industri
telefon: 22 57 36 06, e-post: henrik.gade@klif.no - NIVA: forskar Anders Ruus, seksjon for miljøgifter i marint miljø
telefon: 22 18 51 00, e-post: anders.ruus@niva.no
Tema
