Til toppen av siden

Klimakvotar til kraftvarmeverket på Mongstad

20.10.10 Stortinget har vedteke at nye høgeffektive kraftvarmeverk har rett til å få tildelt klimakvotar frå ei reservebehaldning. For dei to neste åra får Statoil tildelt nærmare éin million klimakvotar gratis for kraftvarmeverket på Mongstad i Hordaland.

Mongstadanlegget. Foto: Statoil.
Mongstad: Industristed i kommunene Lindås og Austrheim i Hordaland. Foto: Statoil.

Kvotepliktige utslepp av klimagasser

  • Ein klimakvote er ein rett til å sleppe ut eitt tonn CO2.
  • 112 norske verksemder er kvotepliktige i perioden 2008–2012.
  • Det er utsleppa av karbondioksid (CO2) som er kvotepliktige, i tillegg til utslepp av lystgass (N2O) frå produksjon av mineralgjødsel.
  • Utsleppet frå dei kvotepliktige verksemdene utgjer nesten 40 prosent av det samla utsleppet av klimagassar i Noreg.
  • Noreg er òg tilslutta det europeiske kvotesystemet.

Systemet med klimakvotar er eit viktig verkemiddel for å redusere utsleppa av klimagassar. Retten til vederlagsfri tildeling av klimakvotar er i utgangspunktet reservert for eksisterande verksemder.

Stortinget har vedteke at det i tillegg skal vere ein reserve avgrensa oppover til 4,2 millionar klimakvotar til og med 2012. Denne kvotereserven er øyremerkt nye høgeffektive kraftvarmeverk som har fått løyve til kvotepliktige utslepp av klimagassar etter 28. mars 2008.

Klimakvotar til kraftvarmeverket på Mongstad

Statoil søkte tidlegare i år om å få tildelt klimakvotar frå kvotereserven til kraftvarmeverket på Mongstad. Slik høgeffektive kraftvarmeverk er definerte i forskrifta om klimakvotar, oppfyller kraftvarmeverket på Mongstad vilkåra for å få tildelt kvotar vederlagsfritt.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) tildeler no verksemda klimakvotar frå reserven. Vi bereknar tildelinga frå det tidspunktet kraftvarmeverket er venta å komme i ordinær drift.

Statoil får tildelt totalt 952 732 klimakvotar til kraftvarmeverket basert på forventa ordinær drift frå 1. januar 2011. Tildelinga gjeld fram til 31. desember 2012.

Det er så langt ingen andre verksemder som har søkt om tildeling frå kvotereserven.

Spørsmål kan rettast til Klif:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden