Til toppen av siden

Metanolbasert drivstoff til modellkjøretøy enklare å få kjøpt

08.10.10 Private forbrukarar treng ikkje lengre rekvisisjon frå politiet for å få kjøpt metanolbasert drivstoff med eit oljeinnhald på ti prosent eller meir. Dette drivstoffet blir brukt i modellfly og modellbilar, som mange har som hobby.

Modellbil. Foto: iStockphoto.

Drivstoff til modellkøyrety: Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) gjorde tidlegare i år framlegg om å endre regelverket slik at private forbrukarar ikkje lengre treng rekvisisjon frå politiet for å få kjøpt metanolbasert drivstoff med eit oljeinnhald på ti prosent eller meir. Miljøverndepartementet har no vedteke endringa. Foto: iStockphoto.

Forhandlarar må ha salsløyve

Metanolbasert drivstoff

  • Metanolbasert drivstoff tilsett olje er klassifisert som giftig.
  • Det blir selt i emballasje som er tydeleg merkt med faresymbolet for giftige kjemikal.
  • Dette er eit drivstoff som blir brukt i modellfly og modellbilar, som mange har som hobby.

Metanolbasert drivstoff til modellkjøretøy blir selt i spesialforretningar. Forhandlarane må framleis ha løyve til å selje slike produkt.

Endringa medfører at forhandlarane må føre arkiv over kjøparane sine namn, adresser og mengd omsett produkt. Du må vere 18 år eller meir for å få kjøpt dette drivstoffet.

Løyve gjeld for to år. Dei forhandlarane som framleis ønskjer å selje metanolbasert drivstoff til modellkjøretøy, må søke på nytt i god tid før løyvet går ut.

Dei må også sende Klif ei oppdatert oversikt over drivstoffprodukta dei vil selje, inkludert sikkerheitsdatablad.

Spørsmål kan rettast til Klif:

  • sjefingeniør Geir Jørgensen, seksjon for produktretta miljøvern
    telefon: 22 57 34 95, e-post: geir.jorgensen@klif.no
  • seksjonssjef Berit E. Gjerstad, seksjon for produktretta miljøvern telefon: 22 57 36 58, e-post: berit-e.gjerstad@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden