Til toppen av siden

Stikkprøvar viser at fiskeoppdrettsnæringa har for dårlege miljørutinar

13.10.10 Anlegg for fiskeoppdrett har for dårlege rutinar for å hindre forureining. Det viser stikkprøvar forureiningsmyndigheita har teke. Vi vil følgje oppdrettsnæringa tettare opp i samarbeid med andre myndigheiter og kjem til å ha fleire tilsyn.

Klima- og forurensningsdirektoratet (Klif) og Fylkesmannen kontrollerte før sommeren fiskeoppdrett i Rogaland, Nord- Trøndelag og Nordland.
Kontroll av fiskeoppdrettsanlegg: Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Fylkesmannen kontrollerte før sommaren fiskeoppdrettsanlegg i Rogaland, Nord-Trøndelag og Nordland. Vi valde ut seks anlegg for matfisk og tre anlegg for setjefisk som ligg i fjordar der miljøtilstanden er dårleg eller har usikker status, og der oppdrettsanlegget er ei vesentleg utsleppskjelde. Illustrasjonsfoto: Miljøverndepartementet

– Det har vore ein sterk vekst i fiskeoppdrett dei siste åra. Det aukar faren for forureining av fjordane rundt anlegga. Vi kontrollerer dei for å forsikre oss om at dei ikkje fører til uakseptabel forureining av fjordsystema, seier avdelingsdirektør Ingunn Midttun Godal i Klima- og forureiningsdirektoratet.

For dårleg internkontroll

Utslepp frå fiskeoppdrett

  • Fiskeoppdrett påverkar miljøforholda i fjordar og kystfarvatn. Utsleppa kjem frå fôring og fiskeekskrement.
  • Utsleppa per kilo produsert fisk har gått ned dei siste åra. Men produksjonen har auka så mykje at fiskeoppdrett no er den største kjelda til utslepp av næringssalt frå Lindesnes til grensa mot Russland.
  • Ifølgje registeret til Fiskeridirektoratet er det i drift rundt 140 setjefiskanlegg og 600 matfiskanlegg over heile landet (per november 2009).

Internkontroll skal sikre at verksemder planlegg, organiserer, utfører og held ved like aktivitetane sine i samsvar med krava i regelverket. Forureiningsmyndigheitene sin kontroll av dei ni oppdrettsanlegga viser at dei har for dårleg internkontroll.

Anlegga manglar konkrete miljømål med tanke på forureining og kva fjordsystemet kan tole. Risikovurderingane deira omfattar verken fare for utslepp eller miljøeffektar av forureining og kjemikaliebruk.– Oppdrettsanlegga vi har kontrollert, har for overflatiske miljømål og risikovurderingar. Dei veit for lite om miljøtilstanden på staden. Miljømål og risikovurderingar er heller ikkje godt nok forankra og etterspurde av leiinga. Det fører til at dei kontrollerte anlegga ikkje er flinke nok til å førebyggje forureining, seier Ingunn Midttun Godal.

Koordinerte myndigheiter

Fiskeoppdrett skal følgje miljøkrav fastsette i løyve etter forureiningslova. Fylkesmannen kontrollerer at oppdrettsnæringa arbeider systematisk for å hindre at fjordane blir forureina.

Fylkesmannen følgjer opp alle avvik, som minimum med eit nytt tilsyn for å sikre at feila blir retta opp.

– Vi arbeider for at dei ulike myndigheitene som regulerer oppdrettsnæringa, skal vere godt samkøyrde. Det gjer vi for å sikre at krava som blir stilte med tanke på miljø, fiskehelse og fiskevelferd, ikkje skal stri mot kvarandre. Det gjeld mellom anna krava til bruk av sjukdomsførebyggjande stoff, seier Ingunn Midttun Godal.

Klif har overfor Miljøverndepartementet tidlegare foreslått å skjerpe miljøregelverket for oppdrettsnæringa.

Spørsmål kan rettast til Klif:

  • seksjonssjef Bjørn Bjørnstad, seksjon for industri- og offshorekontroll
    telefon: 22 57 36 64, e-post: bjorn.bjornstad@klif.no
  • aksjonsleiar Bent Bolstad, seksjon for industri- og offshorekontroll
    telefon: 22 57 36 51, e-post: bent.bolstad@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden