
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir:
Relaterte tema:
Returselskap framleis under lupa
13.09.10 Ragn-Sells Elektronikkretur har dokumentert at dei har gjort ein betydeleg jobb for å rette opp dei mest alvorlege forholda av betydning for miljøet og retursystemet. Dei har fått frist til 1. desember for å dokumentere at systema fungerer i praksis. Klima- og forureiningsdirektoratet vil følgje selskapet tett framover.
Kasserte elektriske og elektroniske produkt
- Dei fleste EE-produkt inneheld helse- og miljøfarlege stoff i varierande mengder.
- Norske miljømyndigheiter har etablert eit retursystem for å sikre at det blir teke forsvarleg hand om dei kasserte produkta.
- Importørar og produsentar i Noreg er pliktig til å vere medlem av eit returselskap for EE-avfall, som er godkjent av Klima- og forureiningsdirektoratet.
- Alle forhandlarar av EE-produkt er pliktig til å ta i mot kasserte produkt. Kasserte EE-produkt kan også leverast til kommunalt mottak.
Ragn-Sells Elektronikkretur AS blei kontrollert av Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) i mai 2010. Kontrollen avdekte omfattande og alvorlege brot på regelverket, og selskapet blei varsla om at Klif tok sikte på å trekkje godkjenninga som returselskap for elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall).
Har gjort ein betydeleg innsats
Sidan kontrollen har selskapet dokumentert at dei har gjort ein stor jobb med å revidere og utvikle nye rutinar og system for retursystemet sitt for å sikre at alvorlege forhold av betydning for miljøet og retursystemet, er retta opp. Direktoratet meiner at forholda no ligg til rette for lovleg drift i selskapet, men at det er nødvendig med dokumentasjon på at det nye systemet blir etterlevd og at det fungerer i praksis.
Ragn-Sells Elektronikkretur AS må sende slik dokumentasjon til Klif innan 1. desember 2010. Klif vil på nytt vurdere å trekkje godkjenninga dersom denne dokumentasjonen viser at selskapet ikkje driv i tråd med regelverket, og vi vil følgje opp selskapet med nye kontrollar.
Miljøverndepartementet har i denne saka valt Jørn Holme som settedirektør for Klima- og forureiningsdirektoratet. Årsaka er at direktør Ellen Hambro har erklært seg inhabil på grunn av vennskapsforholdet sitt til miljøsjefen i det svenske morselskapet Ragn-Sells AB.
Spørsmål kan rettast til Klif:
- Seksjonssjef Kari Aa, seksjon for avfallsgjenvinning og farleg avfall
telefon 22 57 35 26 og 932 63 126, e-post kari.aa@klif.no
Tema
