Til toppen av siden

Strenge beredskapskrav til leiteboring

21.09.10 Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har sett strenge krav til beredskap for oljeselskapet ENI si leiteboring på Lundefeltet i Barentshavet. Feltet ligg i eit sårbart område i Barentshavet som regjeringa har opna for leiting.

Kart over Lunde i Barentshavet. 
Lunde i Barentshavet: Lundefeltet på Tromsøflaket er 78 kilometer frå nærmaste land, Sørøya utanfor Hammerfest.

Tildeling og krav frå myndigheitene

  • Regjeringa gir løyve til å utvinne petroleum basert på konsesjonsrunder eller tildeling av forhandsdefinerte område.
  • Etter at lisens er tildelt må operatøren hente inn løyve etter forureiningslova frå Klima- og forureiningsdirektoratet.
  • Forureiningslova seier at ulempene knytt til forureining ved tiltaket, vurdert opp mot dei fordelane og ulempene tiltaket elles vil medføre, skal ligge til grunn for avgjerda om løyve skal gis og kva for krav myndigheitene skal stille.
  • I tillegg må operatøren hente inn samtykke til aktiviteten frå Petroleumstilsynet.

I forvaltningsplanen for Barentshavet er området definert som særleg verdifullt og sårbart i miljø- og ressurssamanheng. Kartlegginga av området for leitebrønnen har vist at det ikkje er korallar eller svampsamfunn i nærområdet, men det finst sårbare naturressursar lenger unna som kan bli påverka ved ei akutt hending.

Regjeringa har opna området, og lisensen blei tildelt i 2008.

Strengare enn ENI planla

Klif har mellom anna stilt krav om at eventuell akutt forureining skal oppdagast innan ein time.

- Dette kravet er strengare enn det som er lagt til grunn i ENI si beredskapsanalyse, seier avdelingsdirektør Signe Nåmdal i Klima- og forureiningsdirektoratet.

Opptakssystem skal vere på plass innan to timar. Klif har også understreika operatøren si plikt til å ha tilstrekkeleg kompetanse og system for å handtere overvakingsresultat og beredskapsmateriell.

Krav til miljøovervaking

Boringa er planlagt utført i ein periode av året med dårlege lysforhold. Derfor krev direktoratet at ENI Norge må ha rask tilgang til overvakingsutstyr som fungerer godt i mørke.

ENI kan for eksempel oppfylle kravet ved bruk av radar som oppdagar olje på fartøy i kombinasjon med luftboren infraraud overvaking.

Må tilpassast vêrforhold

Danning av is kan vere eit problem, og dette må takast hand om gjennom at ENI Norge i størst mogleg grad nyttar beredskapsfartøy, lekterar for lagring av oppsamla emulsjon og anna beredskapsmateriell som er klargjort for å avgrense nedising.

Klif legg til grunn at leiteaktiviteten tilpassast dersom nedising tilseier at beredskapstiltak ikkje kan settast i verk. Forventa borestart er oktober 2010.

Spørsmål kan rettast til Klif:

  • avdelingsdirektør Signe Nåmdal, avdeling for klima og industri
    telefon: 22 57 35 36, e-post: signe.namdal@klif.no
  • seksjonssjef Hanne Marie Øren, seksjon for petroleumsverksemd
    telefon: 22 57 37 82, e-post: hanne-marie.oren@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden