Til toppen av siden

Nytt returselskap for EE-avfall godkjent

14.01.11 Eit femte returselskap er no godkjent for å samle inn kasserte elektriske og elektroniske produkt (EE-avfall).

EE-avfall

Miljøfarleg: Kasserte TV-er, pc-er og anna elektronisk avfall utgjer ein trussel for miljøet dersom ikkje returselskapa tek hand om det. Foto: Klif  

Krav til returselskap for EE-avfall

  • Returselskap for EE-avfall må vere sertifisert av ein tredjepart for å bli godkjent av Klima- og forureiningsdirektoratet. Sertifiseringa blir gjennomførd av eit uavhengig sertifiseringsorgan.
  • Det enkelte returselskap skal hente og motta ein part av total innsamla mengd EE-avfall som tilsvarer medlemene sin part av total varetilførsle i same geografiske område.
  • Returselskapa har ansvar for å samle inn og behandle EE-avfallet miljømessig forsvarleg.
  • Returselskapa rapporterer inn tal til EE-registeret, produsentregisteret for elektriske og elektroniske produkt, to gonger i året. Registeret blir ått av Klima- og forureiningsdirektoratet, blir drifta av Norsas og blir betalt av returselskapa.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har godkjent ERP Norway AS til å samle inn kasserte EE-produkt frå 1. januar 2011.

– EE-avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff i varierande mengder. Importørar og produsentar av EE-produkt har ansvar for å sørgje for innsamling og miljømessig forsvarleg handtering av EE-avfall. Dette skal gjerast gjennom deltaking i eit godkjent returselskap, seier seksjonssjef Kari Aa i Klif.

Oppfyller krava

– ERP Norway AS oppfyller krava for eit returselskap og er sertifisert på grunnlag av krava til sertifisering i avfallsforskrifta, seier Kari Aa.

Klif minner om at alle forhandlarar av elektriske og elektroniske produkt er pliktig til å ta å ta hand om alt EE-avfall som blir levert inn til mottaka, mens det enkelte returselskap må samle inn parten sin av den totale innsamla mengda. Dei fire andre godkjente returselskapa er: Elretur AS, Eurovironment AS, RENAS AS og Ragn-Sells Elektronikkretur AS.

Spørsmål kan rettast til Klif:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden