Til toppen av siden

Statoil bryt krav til oljevernberedskap

08.06.11 Statoil kan ikkje dokumentere at selskapet sin beredskap mot akutt forureining på Haltenbanken er ut frå gjeldande regelverk. Dette er svært alvorleg, meiner Klif og kallar Statoil inn til eit møte.

Haltenbanken

Alvorlege manglar: Kontroll av Statoil sin beredskap mot akutt forureining på Haltenbanken utanfor kysten av Trøndelag avdekkjer brot på miljøkrav i regelverket for norsk sokkel og på løyva gitt av Klif. Foto: Petroleumskartet.no./Norsk Oljemuseum.

- Vår kontrollar viser at Statoil ikkje kan dokumentere, verken for seg sjølv eller myndigheitene, at beredskapen mot akutt forureining er tilstrekkeleg i forhold til den miljørisikoen aktivitetane deira inneber. Det er alvorleg, seier Ellen Hambro, direktør for Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).

Krev raske tiltak

Beredskapskrav:

  • Regelverket for den feltspesifikke og den regionale beredskapen mot akutt forureining er gitt i HMS-forskriftene og i dei feltspesifikke løyva til utslepp gjeven av Klif.
  • Ifølgje krava skal Statoil etablere beredskap mot akutt forureining på grunnlag av resultata av miljørisiko- og beredskapsanalysar, definerte fare- og ulukkessituasjonar og krav til yting.
  • Det blir også stilt krav om regionale beredskapsplanar og –ressursar.

Innan 20. juni i år må Statoil klargjere skriftleg for Klif om tiltak som er gjennomført, eller må gjennomførast. 
– Dette vil vi følgje opp veldig nøye. Vi kallar inn Statoil til eit møte for å forsikre oss om at dei har sett i verk tiltak for å rette opp manglane som er avdekka, seier Ellen Hambro.

Områdeberedskapen på Haltenbanken omfattar felta Kristin, Åsgard, Heidrun, Norne og Njord, der Statoil er operatør.

Alvorlege avvik

Statoil har ei fungerande beredskap knytt til aktivitetane på Haltenbanken, men selskapet kan ikkje dokumentere korleis beredskapen mot akutt forureining på Haltenbanken er dimensjonert eller om den er tilstrekkeleg.
Nokre av brota på regelverket som er avdekt:

  • Statoil kan ikkje dokumentere at beredskapen deira er basert på oppdaterte krav til yting, analysar og planar.
  • Det er ikkje etablerte tilstrekkelege målesystem som sikrar at akutt forureining på felt på Haltenbanken blir oppdaga innan tre timar slik krava tilseier.
  • Selskapet kan heller ikkje dokumentere at det har ein plan for å måle og innhente informasjon ved eit eventuelt oljeutslepp i heile dette området.
  • Statoil har ikkje verifisert at beredskapen mot akutt forureining er tilstrekkeleg.
  • Informasjonen om oljevernet på www.oljevernportalen.no er mangelfull og ikkje oppdatert.

− Vi har ikkje fått dokumentert at Statoil har godt nok oljevern for å handtere eit stort oljeutslepp på Haltenbanken. Vi forventar at eit selskap som Statoil har betre styring på beredskapsarbeidet enn dette, seier Ellen Hambro.

Spørsmål kan rettast til i Klif:

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden