
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Les meir:
- Farlige kjemikalier i Norge, fakta i tall og figurer 2010
- Mindre bruk av dei farlegste kjemikala (29. april 2011)
- Ny VOC-merking fra 1. januar 2010 (TA-2623)
- Regulerte stoffer i byggevarer (TA-2649)
- Kontroller i bygg- og anleggsbransjen i 2008 og 2009
- Substitusjonsplikten
- Farlig avfall fra bygg og anlegg (TA-2616)
- Bygg- og anleggsbransjen slurver med rutiner for farlig avfall (27. januar 2010)
Miljøstatus i Norge
Relaterte målgruppetema:
Relaterte tema:
Mindre miljøgifter i bygg- og anleggskjemikal
02.05.11 Strengare krav til løysemiddel i måling har ført til kraftige kutt i mengda farlege kjemikal i bygg- og anleggsbransjen.
Løysemiddel
- Flyktige organiske sambindingar (VOC) blir til dagleg omtalt som løysemiddel.
- Innhald og merking av VOC i måling er regulert i EU og i Noreg frå 2007.
- For produkt til lakkering av kjøretøy, lakk, forbehandling, reingjering med meir, gjeld framleis grenseverdiane frå 1. januar 2007.
- Frå 1. januar 2010 blei grensa for maksimalt innhald av VOC ytterlegare redusert for mange andre typar måling og lakk.
Frå 2005 til 2009 er bruken av løysemiddel i bygg- og anleggsbransjen redusert frå ca. 6000 tonn til ca. 2000 tonn årleg – ein nedgang på 67 prosent. Det viser nye tal frå produktregisteret i Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).
Storforbrukarar av kjemikal
Forbetringa skuldast ikkje berre strengare krav til løysemiddelbruk, men også bransjen si generelle plikt til kontinuerleg å vurdere om dei kan bruke meir miljøvennlege alternativ.
– Bygg- og anleggsbransjen er storforbrukar av kjemikal. Vi har hatt ekstra trykk på kontroll, strengare regelverk og informasjon overfor bransjen dei siste åra, og bransjen har teke eit større ansvar. Eg er glad for å sjå at bruken av dei farlegaste stoffa no går kraftig ned, seier Ellen Hambro, direktør for Klima- og forureiningsdirektoratet.

Nedgang: Bruk av helse- og miljøskadelige stoff fordelt på bruksområde i bygg- og anleggsbransjen. Kjelde: Produktregisteret i Klif
Omfattande krav til bransjen
Byggherrane har eit strengt regelverk å ta omsyn til. Dei skal ha oversikt over kva kjemikal som til eikvar tid blir brukt, og dei har plikt til å vurdere kontinuerleg om kjemikala dei bruker kan bytast ut med meir helse- og miljøvennlege alternativ. Det er også klare krav til miljømessig forsvarleg handtering av farleg avfall. Oppfølginga av dette blir kontrollert av Klif og Fylkesmannen når vi er på tilsyn.
Spørsmål kan rettast til Klif:
- seksjonssjef Cecilie Kristiansen, produktregisteret
telefon: 22 57 34 69, e-post: cecilie.kristiansen@klif.no - sjefingeniør Mette Follestad, produktregisteret
telefon: 22 57 36 34, e-post: mette.follestad@klif.no
Tema
