Til toppen av siden

Storkontroll av biloppsamlingsplassar

09.05.11 Biloppsamlingsplassar over heile landet får besøk av miljøvernmyndigheitene i juni. Målet er å redusere forureiningsfaren frå behandlinga av kasserte køyretøy.

Biloppsamlingsplass. Foto: Klif.

Klare for gjenvinning: Bilvrak blir samla i høgda før opphogging. Foto: Klif

I samarbeid med Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) skal Fylkesmannens miljøvernavdelingar kontrollere behandlingsanlegg for kasserte kjøretøy rundt om i heile landet. Kontrollaksjonen i år er ei vidareføring av tilsvarande aksjon i 2005.

Avfallsbehandling og ressursutnytting

Biloppsamlingsaksjonen

  • Landsdekkjande kontrollaksjon på biloppsamlingsplassar i veke 23 og 24.
  • Kontroll av dei fleste behandlingsanlegg med løyve.
  • Kontrollere at krava i forskrifta og løyvet med omsyn til forsvarleg miljøsanering blir følgd.
  • Kontrollere at verksemdene si handtering av farleg avfall blir følgd og forureining til omgivnader blir redusert.

Importørar og produsentar av bilar har ansvar for å drive eit retursystem og sikre at kasserte kjøretøy blir behandla forsvarleg. Dette skal sikre gjenvinning av materiale frå bilvrak, både for å redusere miljøproblem og for å oppnå ei god ressursutnytting.

Biloppsamlingsplassar er sentrale aktørar i arbeidet med sanering og opphogging av kasserte kjøretøy.

– Sanering inneber ein risiko for forureining av omgivnadene. Det er derfor viktig at dei som jobbar med dette er medvitne og utfører arbeidet riktig og i tråd med dei krava vi stiller, seier seksjonssjef Einar Knutsen i Klif.

Viktige miljøkrav til bransjen

Dei viktigaste miljøutfordringane ved behandling av bilvraka, er å

  • sikre ei god miljøsanering av bilane slik at miljøfarlege komponentar blir fjerna før den vidare behandlinga i fragmenteringsanlegga
  • hinder at det skjer forureining til omgivnader av olje, tungmetall og andre fraksjonar
  • sikre at farleg avfall blir levert til godkjente avfallsmottak

Følgjer opp brot

Dersom vi avdekkjer brot på regelverket, vil dette bli følgt opp overfor det enkelte anlegg.

– Tilsyn er med på å sikre at miljøkrava blir følgde. Skulle vi finne brot på regelverket, kan dette medføre bruk av tvangsmulkt for å sikre at forholdet blir retta opp. Ved meir alvorlege brot, vil vi vurdere politimelding, avsluttar Knutsen.

Spørsmål kan rettast til Klif:

  • Om aksjonen: aksjonsleiar Poul Byskov, seksjon for industri- og offshorekontroll
    telefon 22 57 34 29, e-post: poul.byskov@klif.no
  • Om biloppsamlingsanlegg: rådgivar Noman Ahmed, seksjon for avfallsgjenvinning og farleg avfall, telefon 22 57 3730, e-post: noman.ahmed@klif.no

Kontaktpersonar i fylka:

Fylke Kontakt E-post Telefon
Østfold Henning Gøhtesen heg@fmos.no 69 24 75 16
Oslo Akershus Jens Hertzberg jh@fmoa.no 22 00 36 51
Vestfold Dag Aursland dau@fmve.no 33 37 11 87
Telemark  Guri Ravn gra@fmte.no 35 58 61 71
Oppland Knut Roland kro@fmop.no 61 26 60 59
Buskerud Irene Tronrud itr@fmbu.no 32 26 68 19
Hedmark Steinar Østlie soe@fmhe.no 62 55 11 77
Aust-Agder  Ildikó Nordensvan ino@fmaa.no 37 01 75 51
Vest-Agder Hallvard Berget hbe@fmva.no 38 17 66 85
Rogaland  Kristin Espeset kes@fmro.no 51 56 88 78
Hordaland Hallvard Hageberg fmhohhb@fylkesmannen.no 55 57 22 23
Sogn og Fjordane  Torunn Gauteplass Hønsi  tgh@fmsf.no 57 65 51 53
Møre og Romsdal  Mattis Mikkelsen mami@fmmr.no 71 25 84 21
Sør-Trøndelag  Gunhild Flaamo  gfl@fmst.no 73 19 92 01
Nord-Trøndelag  Monica Ness mne@fmnt.no 74 16 80 64
Nordland Oddlaug Ellen Knutsen  oek@fmno.no 75 53 15 55
Troms Evy Jørgensen ejo@fmtr.no 77 64 22 02
Finnmark Magnus Jakola-Fjeld magnus.jakola-fjeld@fmfi.no 78 95 03 55
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden