
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Storkontroll av oppdrettsanlegg i sommar
03.05.11 Klif og Fylkesmannen vil hindre unødvendig forureining av norske fjordar når matfiskanlegg langs heile kysten – frå Rogaland til Finmark – blir kontrollerte.

Idyllisk plassert: Kva veit oppdrettsselskapa om eigen miljøpåverknad, og kva gjer dei? Foto: Klima- og forureiningsdirektoratet.
Resultat frå tidlegare aksjonar retta mot oppdrettsnæringa, gjer at Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) no legg opp til ei tettare oppfølging og kontroll av næringa.
Kontroll av fiskeoppdrett
- Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) og Fylkesmannen kontrollerer frå mai–september minst ti anlegg i kystfylka frå Rogaland til Finnmark.
- Ifølgje SSB var det i 2009 1204 løyve i drift, 990 matfiskanlegg og 214 setjefiskanlegg. Laks utgjorde ca. 90 prosent av total mengd oppdrettsfisk.
- Ny rapport viser at restar av lakselusemidlar frå oppdrettsanlegga blir teke opp av krabbe og reker.
– Oppdrettsnæringa er i sterk vekst, og kan følgjeleg føre til auka fare for forureining av fjordsystema i landet. Resultata frå aksjonen i fjor, viste at fiskeoppdrettarane ikkje hadde tilstrekkeleg kunnskap om eigen forureiningsfare, seier Ellen Hambro, direktør for Klif.
Krev betre kontroll av botnforholda
Under årets aksjon vil miljømyndigheitene fokusere på anlegga sitt arbeid for å redusere miljørisiko:
- Oversikt og kunnskap om eigen miljøpåverknad
- Miljøundersøkingar av botnforholda
- Risikovurderingar
- Miljøtiltak
Miljøarbeidet skal vere strategisk og leiinga si oppfølging vil bli kontrollert.
– Oppdrettarane må vite korleis dei påverkar miljøet rundt anlegga, og dessuten arbeide aktivt og målretta for å redusere miljøfaren. Eit spørsmål dei må stille seg, er om den daglege drifta kan forbetrast slik at utslepp av næringssalt, bruk av miljøfarlege kjemikal og lækjemiddel blir redusert, seier Ellen Hambro.
Miljømyndigheitene oppmodar dermed oppdrettarane til å vere meir medvitne miljøansvaret sitt.
– Dei må arbeide for å redusere risiko for miljøpåverknad på fleire felt enn rømming, avsluttar Ellen Hambro.
Oppdrettsanlegg: Kartet viser eit område med månge oppdrettsanlegg – rundt Stord i Hordaland. Klikk i kartet for meir informasjon og for å vise anlegg i andre område i Noreg.
Spørsmål kan rettast til Klif:
- aksjonsleiar Inger Marie Haaland, seksjon for industri- og offshorekontroll,
telefon: 22 57 36 08, e-post: Inger.Marie.Haaland@Klif.no
Tema
