Til toppen av siden

Fiskeoppdrettarar manglar miljøkunnskap

30.11.11 Ein landsomfattande kontroll av 72 oppdrettsanlegg syner at aktørane har for dårleg oversikt over miljøtilstanden på sjøbotnen og over effektane av eigne utslepp.

I sommer og høst ble 72 oppdrettsanlegg fra Rogaland til Finnmark kontrollert av forurensningsmyndighetene. Foto: Klima- og forurensningsdirektoratet 

Utslepp: Fiskeoppdrett gir utslepp av næringssalt, organisk stoff og kjemikal. Foto: Klif.

Myndigheiter i fiskeoppdrett

  • Oppdrettsnæringa er regulert av fleire regelverk og myndigheiter.
  • Mattilsynet har ansvar for mattryggleik og dyrevern.
  • Fiskeridirektoratet har forvaltings- og tilsynsansvar for akvakulturlova.
  • Klif forvaltar forureiningslova.
  • Kvart enkelt fiskeoppdrettsanlegg må ha løyve med vilkår etter lova frå Fylkesmannens miljøvernavdeling. Klif styrer og rettleier Fylkesmannen på dette området. Vi legg mellom anna til rette for felles, landsdekkande kontrollaksjonar.
  • Oppdrettarane har eit sjølvstendig ansvar for å følgje miljøkrava, mellom anna å arbeide for å redusere forureininga.

I sommar og haust blei 72 oppdrettsanlegg frå Rogaland til Finnmark kontrollert av forureiningsmyndigheitene. 

  • Meir enn halvparten av oppdrettarane har dårleg kunnskap om miljøforholda på sjøbotnen og konsekvensane av eigne utslepp av næringssalt, organisk stoff og kjemikal. 
  • Næringa har for dårleg styringssystem for å hindre miljøskade frå verksemda.

Krava til miljøkunnskap og styringssystem står i internkontrollforskrifta som oppdrettarane skal følgje.

Skuffande

Fiskeoppdrett har vakse i rekordfart og er nå den største kjelda til utslepp av næringssalt frå Lindesnes til Kirkenes.

- Aksjonen syner at dei som driv med fiskeoppdrett har for dårleg kunnskap om korleis dei påverkar miljøet. Det er skuffande, og vi forventar at bransjen set seg inn i miljøregelverket og kva krav og forventingar som blir stilt til bransjen, seier Ellen Hambro, direktør for Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).

Tett oppfølging

Klif og Fylkesmannen vil ha tett oppfølging av oppdrettsnæringa framover. Fylkesmannen vil følgje opp dei einskilde anlegga slik at dei rettar opp dei manglane kontrollane avdekka.

Klif vil leggje til rette for fylkesmenna si vidare oppfølging av oppdrettsnæringa, mellom anna ved å vurdere utforminga av løyva for utslepp for å gjere miljøkrava tydelegare.

Klif vil også samarbeide tettare med andre myndigheiter som Mattilsynet, Fiskeridirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning for å styrke og betre koordinere oppfølginga av oppdrettsnæringa.

Utslipp: Oppdrettsanlegg slipper ut næringssalter, organisk stoff og kjemikalier. Foto: Klima- og forurensningsdirektoratet

På kaia: Rusten og tom tank for spillolje ved eit av anlegga. Foto: Fylkesmannen i Nordland.

Førebygging er avgjerande

Kontrollaksjonen

  • Frå mai til september i år kontrollerte Klif og Fylkesmannen 68 matfiskanlegg og fire settefiskanlegg frå Rogaland til Finnmark.
  • Ifølgje Statistisk sentralbyrå finst det 990 matfiskanlegg og 214 settefiskanlegg i Noreg (2009-tal).
  • Utslepp frå fiskeoppdrett, som næringssalt og organisk materiale, lusemiddel og andre kjemikal, påverkar miljøforholda i fjordar og kystfarvatn.

Mange fiskeoppdrettsanlegg kan ikkje svare på enkle spørsmål om miljøtilstanden i fjorden, kva anlegget slepp ut og effekten av utsleppa.

- Omfattande mangel på kunnskap, kontrollrutinar og vurdering av tiltak for å redusere eventuelle utslepp gir fare for forureining frå fiskeoppdrett. Nå må både dei enkelte verksemdene og næringa i det heile sørgje for at dei oppfyller regelverket, seier Ellen Hambro.

Forventingar til bransjeorganisasjonane

Klif oppmodar bransjeorganisasjonane om å ta fatt i miljøutfordringane. I eit eiget brev til Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) og Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) gjer Klif greie for forventingane til bransjen som ligg i miljøregelverket.

I brevet skriv Klif at det er avgjerande at anlegga arbeider førebyggande for å hindre miljøskade frå anlegget. Klif vil rettleie bransjen om regelverket. Vi ventar at FHL og NSL arbeider aktivt for å auke miljøkompetansen og miljøprestasjonane til medlemmane.

Spørsmål kan rettast til:

Kontaktpersonar hos Fylkesmannen:

Fylke Namn E-post Telefon
Finnmark Magnus Jakola-Fjeld magnus.jakola-fjeld@fmfi.no 78 95 03 55
Troms Per Kristian Krogstad pkk@fmtr.no 77 64 22 25
Nordland Torgeir Fahle tfa@fmno.no 75 53 16 73
Nord-Trøndelag May Brit Myrholt Gorseth mbg@fmnt.no 74 16 80 57
Sør-Trøndelag Monica Ekli monica.ekli@fmst.no 73 19 92 19
Møre- og Romsdal Gunnhild Liva Austvoll gunnhild.austvoll@fmmr.no 71 25 85 12
Sogn og Fjordane Gunn Helen Henne gunn-helen.henne@fmsf.no 57 65 31 40
Hordaland Sissel Storebø sst@fmho.no 55 57 22 20
Rogaland Stig Sandring stig.sandring@fmro.no 51 56 89 31
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden