Til toppen av siden

Eras-leiarar dømt for kvikksølvutslepp

13.09.11 Klif melde i 2009 Eras Metal AS i Høyanger til politiet etter store utslepp av kvikksølv. To tidlegare leiarar er nå dømt til fengsel for miljøkriminalitet.

Får bot: Eras Metal AS i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane har løyve til å produsere råstoff til sinkindustrien frå raudstøv frå sekundær stålindustri. Kart: Klif.

Får bot: Eras Metal AS i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane har løyve til å produsere råstoff til sinkindustrien frå raudstøv frå sekundær stålindustri. Kart: Klif.

Under ein inspeksjon av Eras Metal AS i februar 2009 avdekte Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif, den gongen SFT) ulovleg høge utslepp av kvikksølv. Dei høge utsleppa hadde gått føre seg i lang tid utan at verksemda hadde informert Klif om tilhøva.

Dette sjølv om Klif ved fleire høve hadde bedt verksemda rapportere kvikksølvutsleppa sine. Vi slo fast at dette var grove brot på utsleppsløyvet og meldte verksemda til politiet. Eras Metal måtte stanse dei ulovlege utsleppa direkte inntil dei fekk installert eit reinseanlegg.

Fengsel utan vilkår

Saka blei etterforska av Høyanger lensmannskontor. Statsadvokaten ila i fjor Eras Metal 1,5 millionar kroner i bot for utsleppet. Verksemda, som er eit heileigd dotterselskap av ScanArc ASA, vedtok bota.

I tillegg blei tidlegare dagleg leiar og tidlegare styreleiar i Eras Metal tiltalt for alvorlege brot på forureiningslova. Fjordane tingrett har nå dømt tidlegare dagleg leiar til 21 dagars fengsel utan vilkår og tidlegare styreleiar til 30 dagars fengsel utan vilkår.

Klif er tilfreds med at politiet følgjer opp meldingane våre med straffereaksjonar. Dette hjelper til å førebyggje miljøkriminalitet.

Spørsmål kan rettast til Klif:

  • seksjonssjef Harald Sørby, seksjon for mineralsk og petrokjemisk industri
    telefon: 22 57 34 74, e-post: harald.sorby@klif.no 
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden