
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Tennvæske skal seljast i svarte og ugjennomsiktige flasker
02.04.12 For at ikkje tennvæske skal forvekslast med drikkeflasker, er det no forbode å selje tennvæske i gjennomsiktig emballasje. Tennvæske skal berre seljast i svarte og ugjennomsiktige flasker.
Tennvæske som er merka med faresetninga "Farlig. Kan medføre lungeskade ved svelging" skal frå 2011 berre seljast i svarte og ugjennomsiktige flasker.
Dei skal óg være merka med setninga "Inntak av selv en svært liten mengde tennvæske kan medføre livstruende lungeskader."
Tennvæske kan skade lungene
Det kan vere farleg å få i seg ein liten slurk tennvæske.
For at ikkje tennvæske skal forvekslast med drikkeflasker, er det no forbode å selje tennvæske i gjennomsiktig emballasje.
Butikkar, importørar og produsentar er forplikta til å fjerne tennvæske som ikkje er i svart emballasje frå marknaden.
Barnesikra lukking
Dei svarte flaskene skal vere på maksimalt ein liter, og skal ha barnesikra lukking.
Dette gjeld også for lampeoljer.
Tema
