Til toppen av siden

Unngå gift frå jonsokbålet

20.06.12 Impregnert trevirke kan gje frå seg giftig gass når det brenn. Brenn derfor ikkje dei grågrøne plankane på jonsokbålet.

Foto: CC

Jonsokbål: Jonsokbålet (sankthansbålet) bør berre fyllast opp med reint og tørt trevirke. Ikkje brenn impregnert trevirke på bålet, anten det er gammalt eller nytt. Foto: Christian O. Petersen, Creative Commons.

Avfall som ikkje bør brennast på jonsokbålet

  • Unngå all brenning av impregnert trevirke, anten det er gammalt eller nytt.
  • Heller ikkje plast, gamle sofaer, vindaugskarmar eller hagemøblar bør brennast.
  • Brenning av avfall kan gjere at det oppstår giftige gassar og vere forureinande.

CCA-impregnert trevirke inneheld arsen, krom og kopar. Når ein brenn slikt trevirke, vil både røyken og oska kunne innehalde arsenikk.

Ikkje brenn impregnert trevirke

I 2002 blei det forbode å selje trevirke impregnert med krom og arsen til forbrukarar, men det er ingen enkel måte å sjå forskjell på trevirke som er CCA-impregnert og anna lovleg impregnert trevirke.

Du kan framleis få kjøpt impregnerte trevirke tilsikta forbrukarar, men det er sett inn med andre typar stoff, som for eksempel kopar. Brenning av denne typen impregnert trevirke er likevel framleis miljøfarleg.

Spørsmål kan rettast til Klif:

  • seksjonssjef Pål Spillum, seksjon for avfallsbehandling og grunnforurenining
    telefon: 22 57 35 20, e-post: pal.spillum@klif.no
  • seniorrådgjevar Per Martin Aakerøy, seksjon for avfallsbehandling og grunnforurenining
    telefon: 22 57 36 65, e-post: per.martin.aakeroy@klif.no
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden