Til toppen av siden

Biblioteket

Biblioteket er ein del av dokumentasjons- og driftsseksjonen i direktoratet og er plassert i fyrste etasje i lokala våre på Helsfyr i Oslo. Opningstider for publikum er mellom klokka 08.00–15.00.

Besøksadresse: Strømsveien 96
Postadresse: Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo
Telefon: 22 57 37 83
E-post: dokumentasjon@klif.no

Samlinga

Bibliotekssamlinga består blant anna av databasar, bøker, tidsskrift, avisar, rapportar, utgreiingar og videokassettar innan fagområda våre. Desse er hav- og vassforureining, helse- og miljøfarlege kjemikal, avfall og gjenvinning, klimaendringar, luftforureining og støy.

Lån

Alt materiell i biblioteket er til utlån, unnateke handbøker og ferske tidsskrifthefte frå same uke. Fjernlån kan ikkje gjerast direkte til enkeltpersonar, men må skje gjennom eit bibliotek. Normal lånetid er fire veker.

Tenestetilbod til fylkesmennene

Etter avtale, får dei tilsette i miljøvernadvelingene hos fylkesmennene tilbod om tilgang til dei same bibliotekstenestene som dei tilsette i direktoratet:

  • Lån av bøker/rapportar: Utlån skjer etter førespurnad frå dei tilsette hos fylkesmennene. Vi formidlar lån både frå eiga samling og via fjernlån frå andre bibliotek. 
  • Biblioteket si tidsskriftsteneste: Innhaldslistene i nye tidsskrifthefte blir skanna inn og sendt til den einskilde på e-post ein gong i veka. Vi sender også ut elektroniske innhaldslister frå enkelte tidsskrifter vi ikkje har i abonnement. Fotokopi av interessante artiklar kan bestillast frå biblioteket.
  • Emneførespurnader/datasøk: Biblioteket svarer på emneførespurnader ut frå biblioteket si eiga samling og/eller frå databasar som vi abonnerer på.
Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden