
Ved akutt
forurensning
ring: 110
Til toppen av siden
Spesialrapport om handtering av risiko ved ekstremvêr og katastrofar
I 2009 starta FN sitt klimapanel arbeidet med ein spesialrapport om risikohandtering ved ekstremvêr og katastrofehendingar. Rapporten skal bidra til å styrke arbeidet med klimatilpassingar. Rapporten blir ferdig i 2011.
Noreg var med på å foreslå spesialrapporten, saman med sekretariat for FN sin International Strategy for Disaster Reduction (ISDR).
Det er arbeidsgruppe II i FN sitt klimapanel som leier arbeidet. Arbeidsgruppa samarbeidar med ISDR.
Spesialrapporter frå FN sitt klimapanel
FN sitt klimapanel arbeidar for tida med to spesialrapportar, ein om fornybar energi og klimatiltak og ein om handtering av ekstremvêr og katastrofar. Arbeidet med desse rapportane følgjer dei same rutinane som arbeidet med hovudrapportane frå klimapanelet.
Denne spesialrapporten vil ta føre seg tre ulike typar ekstremhendingar:
- hendingar som klimaendringane har påverka eller vil påverke hyppigheita av, for eksempel flaumar og tørkeperiodar
- hendingar der trendar utanfor klimaområdet vil auke eksponeringa eller sårbarheita for klimaendringane, som utvikling av kystområde med påfølgande auka eksponering for brottsjø
- nye formar for potensielt farlege hendingar og høve som kan oppstå som følgje av klimaendringar, som når isbrear med innsjøar på bryt saman
Tre av kapitla vil ta føre seg risikohandtering på ulike samfunnsnivå; lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Kontaktpersonar:
- seniorrådgjevar Øyvind Christophersen
telefon: 22 57 37 24, e-post: oyvind.christophersen@klif.no - kommunikasjonsrådgjevar Christoffer Grønstad
telefon: 22 57 35 21, e-post: christoffer.gronstad@klif.no
Tema
