Til toppen av siden

Melder OSL til politiet

19.02.99 Mangelfulle drift- og kontrollrutiner for avising ved OSL er årsak til fleire av problema som er avdekka ved Oslo Lufthavn, Gardermoen (OSL). Det viser ein inspeksjonsrapport frå SFT.

OSL har gjort alvorlege brot på utsleppløyvet frå SFT og forureiningslova. Selskapet har plikt til å rette opp avvik som står i rapporten straks, og er gitt nye pålegg med korte tidsfristar. Etter ei samla vurdering av fleire episodar ved Oslo Lufthavn hausten 1998 og vinteren 1999 har SFT bestemt å melde OSL til politiet for brot på forureiningslova.

SFT var på inspeksjon på Oslo Lufthavn (OSL) den 28. og 29. januar. Rapporten viser at OSL har forureina grunn og grunnvatn, og at det har vore eit stort overforbruk at avisingskjemikal. SFT reagerer strengt på dei siste utsleppa, mellom anna fordi det i fjor var fleire episodar som gav flyplassleiinga gode indikasjonar på at deira rutiner og drift av avisinga ikkje fungerte godt nok.

Overbelastning av jordreinseanlegget

OSL opplyser at utsleppa til grunnvatn og grunn truleg kjem av overbelastning av jordreinseanlegget langs rullebana. Ei viktig årsak til denne overbelastninga har vore eit svært høgt forbruk av avisingskjemikal. SFT forutset at OSL har tilstrekkeleg kunnskap om kva som er akseptabel belastning av utslepp til grunn og grunnvatn. Innan 1. mars skal OSL dokumentere at det er laga driftsrutiner/prosedyrer for avising av fly og baner slik at jordreinseanlegget ikkje blir overbelasta. 

Tidlegare drifterfaringar

Driftserfaringane frå prøveperioden før hovudflyplassen opna har ikkje ført til kritisk gjennomgang av kontroll- og driftsrutiner, meiner SFT. Mellom anna burde OSL hatt betre kontroll med mengden avisingsvæske og hatt ei intensiv overvaking ved høgt forbruk. OSL har heller ikkje tatt prøver i kontrollkummar og grunnvassbrønnar så ofte som dei sjølve har sett opp i måleprogrammet, og prøvene er ikkje analyserte for tilsetningsstoff, sjølv om det står i overvakingsprogrammet.

 Innan 30. april skal det lagast eit nytt kontroll- og overvakingsprogram for vasshandtering og vassressursar. Her skal det inkluderast dokumenterte prosedyrer, interne drifts- og rapporteringsrutiner og avisingskriterier.

Mangelfull kontroll og overvaking

Etter at OSL fekk utsleppløyve frå SFT vart det desember 1997 laga eit eige kontroll- og overvakingsprogram for flyplassen. Dette er OSLs verkemiddel for å sikre god og dokumentert oppfølging av krava i utsleppsløyvet. I fjor vår blei det påvist glykol i grunnvatnet ved austre bane, og OSL fekk dokumentert at drifta av jordreinseanlegget ikkje fungerte som det skulle. I eit brev av 7. oktober 1998 vart det påpeikt at "SFT vil understreke viktigheten av at kontroll- og overvåkingsprogrammet justeres og revideres avhengig av miljøforholdene på og omkring flyplassen og i resipientene." 

Vern av grunnvatn

SFT er pålagt av regjeringa å sikre at grunnvatnet under delar av flyplassen skal kunne brukast som drikkevatn i framtida. Det var eit vilkår då hovudflyplassen blei plassert på Gardermoen at flyplassen ikkje skulle føre til auka forureining. Nøkterne rapportar legg til grunn at grunnvatnet kan forsyne kring 100.000 personar med drikkevatn.

Det har heile tida vore kjent at vasskvaliteten ikkje er optimal, men ikkje så dårleg at vatnet ikkje kan brukast etter reinsing. Ved utbygginga av flyplassen blei det også rydda opp fleire stader i grunnen for å hindre auka forureininga.

Vern av grunnvatnet er også viktig for landskapsverneområdet som ligg nord og sør for flyplassen. Dersom vassbalansen blir forstyrra kan dette føre til at desse områda blir øydelagde. 

Bakgrunn

SFT gav 29. juni 1995 OSL utsleppsløyve for handtering av overvatn, spillvatn og grunnvatn ved Oslo Lufthavn, Gardermoen. Dei viktigaste vilkåra i løyvet er: Flyplassdrifta skal ikkje føre til forureining i grunnen i det området som drenerar til den utnyttbare delen av grunnvassmagasinet, i grunnvatnet eller vassdrag. 1. januar 1998 starta ei avgrensa drift av austre bane, som ligg i det området som drenerer til den utnyttbare delen av grunnvassmagasinet. SFT har påpeikte at OSL må vere spesielt varsame ved bruk av avisingskjemikal i dette området. 

I mai 1998 melde OSL at det var funne glykol i grunnvatnet ved austre bane og at jordreinseanlegget ikkje fungerte som det skulle. Årsaka var at OSL ikkje hadde starta drift av jordreinseanlegget slik som det var foreskrive. OSL sette i verk tiltak som blei avslutta 22. desember 1998. Beggje rullebanene blei tekne i bruk 8. oktober i fjor. 

Hausten 1998 fekk SFT fleire meldingar frå OSL om ureglementert glykolforureining på fleire stader på flyplassområdet. SFT var på inspeksjon den 3. desember 1998, og inspeksjonsrapport av 11. januar viste tre episodar som er brot på forureiningslova og utsleppsløyvet. I januar melde OSL om ytterlegare problem: Det var brukt 30 prosent meir baneavisingsmiddel i 1998 enn det som det var gitt løyve til, hhv.175 tonn og 137 tonn. Dei tre første vekene i 1999 blei det brukt om lag 70 tonn baneavisingsmiddel, eller halvparten av det som er rekna som årleg forbruk i utsleppsløyvet. 

I januar/februar kom det melding om forureining av grunnen, og deretter at det var påvist acetat og glykol i grunnvatnet under austre bane. SFT reiste på inspeksjon 28 og 29. januar, og krevde tiltak for å få reinsa grunnvatnet og dokumentasjon på overvaking og betre rutiner for avising.

Til toppen av siden

Tema


Til toppen av siden